NASJONALPARKEN
Den mektige Briksdalsbreen er ein arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det Europeiske fastland - verna som nasjonalpark.
Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig lauvskog i låglandet til isbrear og høge fjell over 2000 meter over havet. Verneområdet har ei samanhengande lengde på vel 6 mil og omlag halvparten av nasjonalparken er dekt av is.
Far varsamt med nasjonalparken vår
Berekraft
Vi har ingen planet B
Briksdalsbreen
Friskt og eventyrleg vakkert
Natursti
Fjell og fossar i briksdal
VITE MEIR?
Om du vil forske meir på natur og dyreliv i nasjonalparken kan vi anbefale å besøke eit av kunnskapssentera knytt til Jostedalsbreen.
Jostedalsbreen nasjonalparksenter, stryn
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er autorisert vitjingssenter for nasjonalpark. Senteret tilbyr informasjon om nasjonalparken, utstillingar og kino med film om nasjonalparken - her finn du også geologisk park og hage.
Breheimsenteret, Jostedalen
Sidan 1997 har Breheimsenteret vore eit autorisert vitjingssenter for nasjonalpark med særskilt ansvar for natur- og miljøformidling frå nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen.